Be Cool

Å sette John Travolta og Uma Thurman saman på denne måten er ein klar hyllest til eller kopi av Pulp Fiction.

Det er stilig og morosamt, og det er mange kjente ansikt. André Benjamin frå Outkast er ein av dei. Han viser seg faktisk å vere ganske artig på film. Eg ser fram til å sjå han i fleire filmar.

Historia er basert på oppdaginga til Chili Palmer av den gode songaren Linda Moon. For meg er det ingenting spesielt med Moon, ho har ei bra stemme, men ingen andre eigenskapar som gjer ho til ein utmerka artist.

Heldigvis er ikkje Moon så viktig for resten av filmen, som først og fremst handlar om musikkbransjen.

Be Cool 2005 plakat - Filmdagbok

Dato

6. april 2005

Forfattar


Skodespel

John Travolta (I)Uma ThurmanVince Vaughn (I)Vis alle

Sjangrar

Land