Beauty and the Beast

Blant det beste av Disney-produsert animasjon dei siste 20 åra finn du Beauty and the Beast. Historia handlar om ein ung og kjekk prins som blir forvandla til eit beist, og berre kjærleiken til ei ung, vakker kvinner kan forvandle han tilbake.

Ved ein liten, fransk landsby bur Belle i lag med faren. Både Belle og faren skil seg ut og er utanfor samfunnet, men Belle blir likevel sett på som den penaste jenta der. Når faren skal på oppfinnarmesse rotar han seg vekk på vegen. Han hamnar ved slottet til beistet og blir sett i fangenskap der. Hesten hans slapp unna før han blei fanga, og kjem heim til Belle igjen. Ho følger hesten tilbake igjen til slottet, der ho går med på å bli tatt som fange i byte mot faren.

Beauty and the Beast har det som eg forventar av eit slikt eventyr: Trolldom, eventyrskapningar, ein person som ser forbi det som er på overflata og ein skurk som kjem tilsyne i form av dårlege menneskelege eigenskapar som narsissisme og fordommar.

Både fordi eg har sett filmen og fordi det ligg i korta veit eg kva som vil skje, er det difor viktig at det som skjer på vegen er både spennande og dramatisk og utført med ei stødig hand. Nokon songnummer som liknar på alt anna i Disney-samanheng krev litt ekstra å komme seg gjennom. Ser eg forbi dette likar eg forteljinga godt. Ho brukar enkle og effektive grep til å fortelja ei trist, men ikkje deprimerande kjærleikshistorie, heile vegen med glimt i auge.

Nettopp fordi dette ligg nær fullkome det beste eg har sett av Disney trekk eg sopass opp.

Beauty and the Beast 1991 plakat - Filmdagbok

Dato

22. september 2008

Forfattar



Sjangrar

Land