Beaver Falls

Serie / 2011–2012
3/5

Komiserien Beaver Falls handlar om tre britiske venner og studentar som bestemmer seg for å bruke sommaren til å jobbe på ein leirskule i USA.

Ergo er Beaver Falls ein leirskulekomedie, eit kjent amerikansk fenomen, men med ein britisk vri. Her er det praktiske spøkar, forelsking og obligatoriske samanstøyt mellom grupperingar.

Det er ikkje altfor mykje nytt å vise til i denne serien, men han leverer ein passe dose humor og karakterar som går an å like, og det er nok.

Det er også nok framdrift i løpet av dei to sesongane til serien til at det ikkje berre blir overflatisk tull. Dette er ei av sidene ved Beaver Falls er sette pris på.

Beaver Falls 2011-2012 plakat - Filmdagbok