Before I Disappear
Ein fyr som er i ferd med å ta livet av seg, får ein telefon. Det er hans søster som han ikkje har hatt kontakt med på fleire år. Ho ber han passe på hennar elleve år gamle dotter. Og slik byrjar det at fyren må utsetje sjølvmordet sitt.
Before I Disappear er ein mørk komedie som innleiingsvis byr på nokon absurde komiske avbrekk. Dette gav meg tidleg eit håp om tid vel brukt. Men gradvis snur det til å bli ein saktegåande og ei mest dyster oppleving. Parallelt med dette byrjar eg å kjede meg, meir og meir.
På eit tidspunkt gav eg opp filmen. Filmen ser og høyres bra ut, og gir nokon positive inntrykk trass lågt budsjett, men det er ikkje nok når historia og framdrifta er tam og treg.
Before I Disappear er ein film omtrent midt på treet, men litt under på grunn av det eg nemner. Og trass lite utdjuping om han, så var det ein vrien film å plassere. Fordi han er god på enkelte ting, men ikkje på å sette det saman til ein god total.

Manus
Skodespel
Shawn Christensen • Fatima Ptacek • Emmy Rossum • Paul Wesley (II) • Ron Perlman (I) • Richard Schiff • Fran Kranz • Hani Avital • Isabelle McNally • Sean Ringgold • Joseph DeVito • Michael Drayer • Stephanie Kurtzuba • Joe Perrino • James Andrew O'Connor • Victor Cruz (II) • David Pendleton (VI) • Kitty Chen (I) • J. Elaine Marcos • Anthoula Katsimatides • Mara Kassin • David H. Holmes • Greg Connolly (I) • Camille Howard • Letty Sera • Josh Mann (I) • James Chen (I) • Jacqui Denski • Tom Feige • Brenden Hubbard • Roseanne Ludwigson • Mike Malvagno • Rachel McGrath • Basilio Montilla • Andrew Napier • Amanda Tannen • Stefano Villabona … Minimer … Vis alle