Before Sunrise (1995)

Film / 12. oktober 2007
5/5

Eg elska Before Sunset, som går føre seg ti år etter Before Sunrise. Siden eg så han først, utan å vite om Before Sunrise, visste eg det grunnleggande i denne filmen og utfallet. Det vart faktisk litt vemodig å sjå han, som å hente fram eit gammalt minne, eit minne eg aldri har hatt sjølv.

Jesse (Ethan Hawke) møter Celine (Julie Delpy) på toget til Vienna. Dei har kjemi og Jesse har ingen problem med å få Celine til å utsette resten av reisa si litt for å halde han med selskap før flyet hans går vidare til USA går neste morgon. Sidan han er blakk og ikkje kan ta inn på hotell blir det gatevandring og kafébesøk den natta. Jesse er amerikansk, Celine er fransk.

Som sin etterfølgjar er dette ein film med ein del snakking, deling av livshistorie og livssyn, småsnakk og alt som skal til for å bli kjent. Ettersom Before Sunrise er ti år yngre enn Before Sunset, er Jesse og Celine ti år yngre. Eg synst det kjem godt fram i filmen at det er to unge menneske med livet framfor seg som møtes, og det er ein lett tone dei i mellom, med dialogar som verkar å dukke opp der og då framfor å komme frå eit manus. For å ta i bruk eit velbrukt fråsegn: Filmen er ekte. Avstanden frå latter til beundring er kort, eg kosar meg stort med heile filmen. Når han blei ferdig vart eg nesten litt trist.

Å kombinere Before Sunrise med Before Sunset vil eg tru at er ein sikker langkveld i godstolen, sofaen eller sakkosekken.

Before Sunrise 1995 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

Before

Regi

Richard Linklater

Manus

Richard Linklater, Kim Krizan

Skodespelarar

Ethan Hawke, Julie Delpy, Andrea Eckert, Hanno Pöschl, Karl Bruckschwaiger, Tex Rubinowitz, Erni Mangold, Dominik Castell, Haymon Maria Buttinger, Harald Waiglein

Sjangrar

Drama, Romantikk

Land

USA, Østerrike, Sveits

IMDb

IMDb-side om Before Sunrise

Forfattar