Beforeigners

Serie / 2019–2019
4/5

Eit merkeleg fenomen skjer overalt i heile verda. Personar frå fortida dukkar opp, bokstavleg talt. Blå lys i blant anna Oslofjorden er midlertidige portar i tid som menneske frå steinalderen, vikingtida og 1800-talet kjem gjennom. Og ingen veit kvifor.

Handlinga i Beforeigners, eller Fremvandrerne som serien heiter på norsk, går føre seg i Oslo nokre år fram i tid. Det er eit Oslo der dei framvandra personane har blitt ein del av kvardagen, og bybilde er prega av deira tilstadevære.

Alfhildr (Krista Kosonen) er nyleg ferdig på politiskulen. Ho er den første vikingkvinna som blir politi. På grunn av at politisjefen er PR-kåt blir ho sentral i ei etterforsking som den delvis sjukemeldte Lars (Nicolai Cleve Broch) leiar. Ei død kvinne blir funne på stranda på Tjuvholmen, og spor tyder på at ho er drepen.

Beforeigners kunne ikkje ha vore utan krimen, men det er humoren som er best for min del. Mange detaljar i bybilde og gode poeng om korleis forhistoriske menneske har tilpassa seg ei modern verd byr på mykje god komedie. Det at serien vel å fortelje ei handling på toppen av eit oppdikta univers av denne typen, framfor å dykke for djupt ned i årsakene til framvandringa, er med på å bevare ein viktig mystikk som held serien interessant.

Eg håpar at serien held fram, men vel å gjere noko nytt for å overraske oss vidare.

Beforeigners 2019-2019 plakat - Filmdagbok

Publisert

31. oktober 2019 av

Merkelapp

HBO

Skaparar

Anne Bjørnstad, Eilif Skodvin

Skodespelarar

Nicolai Cleve Broch, Ágústa Eva Erlendsdóttir, Krista Kosonen, Stig R. Amdam, Ragnhild Gudbrandsen, Lavrans Haga, Eili Harboe, Nader Khademi, Jeppe Beck Laursen, Ingunn Beate Øyen

Sjangrar

Drama, Science fiction

Land

Noreg

IMDb

IMDb-side om Beforeigners