Being There

Ein spesiell komedie som omhandlar ein tilbakeståande gartnar som gjer det stort innan finans og politikk. Chance, protagonisten, er den nye stjerna i amerikansk politikk etter å ha blitt tilfeldig nedkøyrt av limousinen til ein av dei mest notoriske finansmennene i USA, som lid av leukemi, og som er i ferd med å døy.

Dopa ned av medisinar, vil eg tru, tar finansgeniet Benjamin Turnbull Rand, Ben blant venner, Chance inn i heimen sin på grunnlag av Chance sin jordnære personlegdom. Og gjennom vennskapen til Chance med Ben, er vegen til ry kort. Det er ei tynn linje mellom å vere geni og totalt idiot, men det betyr ikkje så mykje kven du er, så lenge du er til stades i rette augneblink, som Chance var.

Filmen krev tolmod, men tar seg etter kvart opp på eit godt nivå. Den litt for rolege starten er kjedeleg, og eg vil difor anbefale å gå 100 % inn for filmen om du skal sjå han.

Being There 1979 plakat - Filmdagbok