Belgravia

Belgravia er eit engelsk kostymedrama sett til London på første halvdel av 1800-talet. Det er ein serie full av intrigar som baserer seg på familie, kjærleik, adelen og meir. Serien er basert på ein roman skriven av Julian Fellowes, og har blitt adaptert til skjermen av han òg. Julian Fellowes er for ordens skuld mannen som står bak Downton Abbey.

Det byrjar med introduksjonen av svært mange personar. Og eg var nok ikkje heilt klar for noko kompleks i det eg starta, men det gjekk seg fort til. Og med namna og miljøet på plass, så er det ikkje noko særleg tid i denne seks episodar lange serien som blir kasta vekk.

Det er ikkje å røpe for mykje at serien handlar om alt og alle rundt personen Charles Pope. Oppbygginga av intrigane og kjennskapa rundt dette er godt utført, og er interessante både i utføringa og tanken bak det.

Belgravia framstår som ein komplett serie, med ei byrjing, ein midtdel og ein slutt. Uavhengig av om det kjem meir av serien i framtida, så er han hittil ein god total som er verdt å sjå. Gitt at du likar sjangeren.

Belgravia 2020 plakat - Filmdagbok

Dato

15. oktober 2020

Forfattar


Skodespel

Philip GlenisterTamsin GreigHarriet WalterVis alle

Sjangrar