Berberian Sound Studio

Film · 2012 · · 5. februar 2013
3/5

Berberian Sound Studio er meir ei oppleving av lyd og psyke enn ein film med start, midt og slutt.

Toby Jones spelar ein lydteknikar som blir henta frå England til Italia for å bidra til ein italiensk skrekkfilm.

Handlinga i filmen skjer stort sett i eit lydstudio. Både arbeidsmiljøet og valden i filmen pregar lydteknikaren, som i utgangspunktet er ein roleg og balansert fyr. Det er formidlinga av endringa som skjer med han som er filmen, både audiovisuelt og psykisk.

Det er ei uvanleg filmoppleving i mengda, men interessant. Endå meir interessant og krevjande enn direkte underhaldande.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Berberian Sound Studio 2012 plakat - Filmdagbok