Best Man Down

Forlovaren dør i bryllaupsfesten til Scott og Kristin. I staden for å dra på bryllaupsreise må dei planlegge gravferda hans. I prosessen med å informere slektningar og venner oppdagar dei at han i løpet av det siste året gjorde mykje som ingen visste om.

Hovudtilfelle dei nøsta opp er hans samband til ei jente nær grensa til Canada. Scott og Kristin drar for å informere ho om bortgangen, og blir på denne turen betre kjent med kven han, Lumpy, var.

Eg gjer alltid, for meg sjølv, ei greie ut av å klargjere kva filmen gir inntrykk av å skulle vere, og kva han er. Går eg djupt nok inn i førebuinga før eg ser ein film, vil eg komme nærare, men i dei fleste tilfelle er mi førebuing kort og overflatisk. Mange filmar framstår derfor som enkle komediar, men kan overraske ved å vere meir seriøse drama. Dette er tilfelle med Best Man Down, som har eit enkelt ordspel som tittel og ein humoristisk filmplakat.

Best Man Down er i størst grad eit drama, og eit litt kaldt og grått eit. Det er humor, men mest mellom linjene. Og i blant for å lette på trykket. Også skodespelarane i filmen er gjerne forbunde med komedie. Tyler Labine (Lumpy) er ein komisk person, iallfall forbind eg han med komedie. Justin Long har lang fartstid i komediar, noko som også er vanskeleg å riste av seg.

Best Man Down overraska positivt. Han klarer å gi små støkk av alvor undervegs, av trist, men god art. Han viser gode sider ved enkelte menneske, som av eigen og fri vilje gjer sitt beste for seg sjølv. Og at når du gjer det beste for deg sjølv, så er det best for andre. Som i tilbakeblikka til Lumpy, der han ønsker å leve eit artig liv, og det samtidig gjorde livet til jenta nær Canada betre.

Best Man Down 2012 plakat - Filmdagbok