Beta House

Det finst nok berre ei handfull mengde menneske som vil finne ein filmmelding av den tredje American Pie avspinnaren interessant, dei fleste eg har høyrt uttale seg om American Pie har gjort det i negativ forstand.

Om eg tar den tredje filmen, American Wedding, og dei følgjande avspinnarane til grundigare forsking er det lite å finne som kan tale for kvalitet. Så har det seg slik at eg har ei ekstra interesse for American Pie, til dei grader at eg framleis har nokon små grå som kriblar etter å sjå det som dukkar opp, pluss at når det kjem til dårleg film så er collegehumor ein av få sjangrar eg taklar utan problem – faktisk synst eg det er rett så morosamt ein sjeldan gang.

Beta House held fram der The Naked Mile slapp. Han er like meiningslaus og har like mange nakne damer, og han er endå eit hakk drygare på rølpeskalaen. Ved siden av Stifler-slektningane frå The Naked Mile er Eugene Levy (far til Jimbo) den einaste med frå tidlegare, han er òg den einaste som har dukka opp i alle American Pie- og American Pie Presents-filmane. Litt synd er det i mannen som ikkje har ei betre karriere enn som.

I Beta House er handlinga, som det tar 500 par puppar å komme til, som ein bleik, blass, falma kopi av Animal House, den kanskje beste National Lampoon-filmen. Beta-brørne har irritert Geek-brørne til den grad at støvet blir blåst av gullhammaren og det blir den første runden med The Greek Olympiad på 40 år.

Greia er at sjølve handlinga til filmen ikkje er spesielt viktig, ingenting anna enn å køyre på med så mykje exploitation-materiale som mogleg er viktig, i tillegg til nakne damer er det dvergar, sauer, øl og oppkast. Ikkje finn på å sjå denne om du har hatt problem tidlegare i rekka av American Pie-filmar. Kan du derimot like tilsvarande det National Lampoon har levert dei siste åra går nok dette ned lettare enn hestesæd vil eg tru.

Dette er den mest fornuftige av dei lite fornuftige avspinnarane. Det er eit forsøk på å ta for seg noko som har med det greske brorskapssystemet å gjere. Filmen får sånn sett ein liten driv. Men undervegs er det stort sett berre tull. Det er ingenting originalt, klisjeane er tilfeldige og dårlege og alt frå manus til skodespel er slett.

Beta House 2007 plakat - Filmdagbok