Better Call Saul

Serie
2015–2020
4/5

Better Call Saul er ein avspinnar til den herlege serien Breaking Bad, og handlar om karakteren Saul Goodman. På den fiktive tidslinja til Breaking Bad-universet så går handlinga i Better Call Saul føre seg før Breaking Bad.

Eg var smått skeptisk til denne serien. Breaking Bad er blant dei få seriane eg har rangert 5/5, og ein avspinnar har det heller ikkje alltid med å imponere. Men eg blei positivt gleda av kva Vince Gilligan og Peter Gould har fått til her. Dei har skapt ein serie som står stødig på eigne bein, og som har små referansar til Breaking Bad som krydrar.

Frå første sesong av tar serien for seg historia om Jimmy McGill, som er det eigentlege namnet til Saul Goodman. Me blir kjent med kven han er i ein fase av livet hans i vaksen alder. Serien har tilbakeblikk og ei parallell historie framover i tiden som viser til noko som skal skje. Det er vagt, men det gir serien eit godt nok mål til å bli meir enn ein evig runddans.

Det er handlingane undervegs, karakterane og alle detaljane i dette universet som gjer Better Call Saul til ein kvalitetsserie. Det er ein serie som rett og slett berre fungerer, utan at han prøver for hardt. Det er episodar som kan blitt sett enkeltvis eller samla. Eg vil tru at om du likte Breaking Bad, så vil du like Better Call Saul, utan å tenke at serien ikkje når opp.

  • Better Call Saul 2015-2020 plakat - Filmdagbok
  • Better Call Saul 2015-2020 plakat - Filmdagbok
  • Better Call Saul 2015-2020 plakat - Filmdagbok
  • Better Call Saul 2015-2020 plakat - Filmdagbok
  • Better Call Saul 2015-2020 plakat - Filmdagbok

    Publisert

    25. april 2020 av

    Merkelapp

    Breaking Bad Universe

    Skaparar

    Vince Gilligan, Peter Gould

    Skodespelarar

    Bob Odenkirk, Jonathan Banks (I), Rhea Seehorn, Patrick Fabian (I), Michael Mando, Michael McKean, Giancarlo Esposito (I), Kerry Condon, Mark Margolis (I), Cara PifkoVis alle 616 skodespelarar

    Sjangrar

    Krim, Drama

    Land

    USA

    IMDb

    IMDb-side om Better Call Saul