Better Off Dead...

Better Off Dead... er blant dei beste filmane med John Cusack frå 1980-talet. Med sine rare karakterar og eit uklart skilje mellom realisme og absurd komedie blir filmen særeigen. Konvensjonell struktur og forteljargrep er også gjort med omhug, og totalen blir tilfredsstillande.

Komedien fungerer best. Absurd og overraskande er grep eg set pris på. Det er sjeldan fantastisk eller nyskapande, men passande for Better Off Dead.... Klisjear og stereotypar går han i hand her, og bidrar med sitt. Det er gjort med glimt i auge, og fungerer som del av historia.

Kan anbefalast som del av 1980-tals tenåringskomediekanon.

Better Off Dead... 1985 plakat - Filmdagbok