Better Things

Serie
2016–2020
3/5

Better Things er ein serie som eg byrja å sjå på grunn av rolla til Pamela Adlon, og fordi serien er eit samarbeid mellom ho og Louis C.K. Serien Louie er noko av det betre eg har sett det siste tiåret, og eg håpa at Better Things kunne fylle litt av tomrommet etter han.

Det gode med Better Things er at han kanskje liknar litt på Louie, i måten han er bygd opp på. Episodane er utsnitt frå kvardagen. Den sentrale karakteren er skodespelaren Sam Fox. Litt som komikaren spelt av Louis C.K. i Louie har ho barn, ein eks og ein karriere. Ho er kjent, men serien går absolutt ikkje inn for å vise eit glamørst skodespelarliv. Ho kunne ha vore kven som helst.

Barna til Sam Fox er ikkje alltid like enkle. Dei er ungdommar, og om ikkje på sitt verste, så ikkje langt i frå. Serien sitt blikk på utfordringane hennar, som ei mor som ikkje har svaret på alt, vil nok treffe mange foreldre. For meg treff ikkje dette heilt. Og det er nok her serien blir litt framand for meg. Visst hadde Louis C.K. i Louie barn, men han var og ein mann og det var og ein artigare serie etter min smak.

Med ein episode av Better Things veit du aldri heilt kva tematikk som blir tatt opp, eller kva slags oppbygging og stil episoden vil ha. Kanskje blir heile neste episode ein samtale mellom to karakterer, kanskje blir episoden bygd opp med ei gjennkjenneleg form frå komiseriesjangeren. Dette gjer at serien held seg interessant.

  • Better Things 2016-2020 plakat - Filmdagbok
  • Better Things 2016-2020 plakat - Filmdagbok
  • Better Things 2016-2020 plakat - Filmdagbok
  • Better Things 2016-2020 plakat - Filmdagbok

    Publisert

    29. mai 2020 av

    Skaparar

    Pamela Adlon, Louis C.K.

    Skodespelarar

    Pamela Adlon, Mikey Madison, Hannah Alligood, Olivia Edward, Celia Imrie, Rebecca Metz, Alysia Reiner, Diedrich Bader, Greg Cromer (I), Milla Sofia PressVis alle 468 skodespelarar

    Sjangrar

    Komedie, Drama

    Land

    USA

    IMDb

    IMDb-side om Better Things

    TV Time

    TV Time-side om Better Things