Beverly Hills Cop

Axel Foley (Eddie Murphy) er ein ung politimann frå Detroit, som etter eit mord på ein venn reiser til California for å finne mordaren. Han trur mordaren held til i ein bilforretning i Beverly Hills.

I lag med to motvillige etterforskarar frå Beverly Hills-politiet, som eigentleg er sett på jobben til å overvake Foley, set dei i gang søket.

Miljøet i Beverly Hills er fullstendig ulikt frå det Foley kjenner til, og i kulturforskjellen ligg humoren. I tillegg til at Foley er ein slitsam fyr, og gjer som han vil.

Beverly Hills Cop er blant det betre innan sin sjanger frå sin periode, som er politikomedie. Men det er ikkje topp vare. Eg har ingen forhold til Beverly Hills Cop-franchisen frå før av og er heller ikkje prega av nostalgi.

Beverly Hills Cop 1984 plakat - Filmdagbok