Beyond Re-Animator

Med den tredje filmen i Re-Animator-serien, Beyond Re-Animator, blir me vitne til korleis ein sprø forskar med dei rette midlane tilgjengeleg kan snu eit fengsel på hovudet. Herbert West igjen altså.

Beyond Re-Animator er like svak som Bride of Re-Animator, den andre filmen i Re-Animator-serien. Svak som i at det ikkje er noko spesielt å hente. Separert frå trilogien er dette verdt null, noko eg også vil påstå om toaren.

Eg så Beyond Re-Animator tilbake i 2003, og han gjorde ingen inntrykk den gongen heller. Skodespelarane, forutan Jeffrey Combs, er blanke for talent. Jeffrey Combs er ikkje det største talentet sjølv, men har alt som trengs for å spele sprø forskar. Blikket hans er eit av dei kaldaste, og fyren kunne gjort det godt som psykopat kor som helst. I auga hans skin det gjennom at her ikkje er anna enn ein ting til stades: Ei tørst for å prøve ut alt som trengs for å få betre resultat.

Beyond Re-Animator 2003 plakat - Filmdagbok