Beyond Westworld

Serie
1980–1980
2/5

I 1973 kom filmen Westworld, ein film om ein toppmoderne temapark som gjenskapte den ville vesten. I parken kunne gjester oppleve og gjere det dei ville. Vertskapet og karakterane som held til i parken var robotar, og kunne difor bli behandla på umenneskeleg måtar.

I filmen skjedde det ein elektronisk feil i systemet som styrte robotane, og dei gjekk til angrep på menneska, og resten er historie.

Tre år etter kom oppfølgarfilmen Futureworld. Tv-serien Beyond Westworld har oversett hendingane i denne filmen, og tek på seg rolla som ein ny oppfølgar til Westworld.

I serien følger me John Moore, som er tilsett i selskapet Delos som stod bak temaparken i filmen Westworld. Han skal kjempe mot robot- og Delos-relatert problematikk ute i den verkelege verda. I hovudsak er det skurken Quaid som går igjen i alle episodane og står bak alle problema Moore møter på.

Tre episodar blei sendt på tv når serien kom i 1980, før han blei kansellert. Når serien har komme på video i seinare tid har to ekstra episodar blitt gitt ut. Som gir serien ei total lengd på fem episodar.

Då serien er dårleg, spesialt samanlikna med alt anna Westworld-relatert, er fem episodar nok. Det serien har å by på er kort oppsummert ufrivillig humor, eit datert serieformat og oppbygging, godt laga robotar (god sminkejobb) og ideen om å utforske Westworld-universet meir. Sistnemnte leverer serien dårleg på, og var det eg forventa mest av han på.

Eg kan finne nokre lyspunkt i deler av serien, og likar det dei prøver å lage. Men potensiale er langt frå å bli realisert. Eg kan ikkje anbefale serien som god underhaldning. Kanskje til nauds som ein kuriositet, men knapt meir.

Beyond Westworld 1980-1980 plakat - Filmdagbok