Big Fish
I går prøvde eg meg for andre gong på denne filmen, og fann den utruleg mykje lettare å sette seg inn i. Eg mistenke derfor Jon Blund for å ha æra eine og åleine av å ha forstyrra meg sist gang.
Lite overraskande når det gjeld Tim Burton er dette ein litt spesiell film, med ein snev av overnaturlege element, både i form av ein heil del fargerike historier, og utanom. Ewan McGregor er den unge Edward Bloom som er sentral i dei fleste historiene, om ikkje alle. Han er langt i frå min favorittskodespelar, og eg klarte aldri heilt å sjå forbi det sleipe gliset hans.
Filmen klarte heller ikkje heilt å involvere meg, og stundene det var meint å vere ein overhengande trist atmosfære fekk meg ikkje til å føle noko. Eg er litt skuffa på desse to punkta. Men historiene som blir fortalte er gode, og ikkje minst fortalt i flotte omgivnader med hjelp av ekte originalar.
