Big Jake

Ein 64 år gammal John Wayne spelar Jacob McCandles i bortføringsdramaet Big Jake frå 1971. Ein bande kidknappar ein ung gut frå eit stort gods, og krev ein million dollar for å gi han tilbake.

Jacob McCandles har ikkje budd på godset på mange år. Han er ein framand mann for sønene sine, og alle trudde at han var død. Men Martha McCandles som var hans kone, tilkallar han for å gi han i oppdrag å levere lausepengane til banden.

Big Jake er ein western med preg av hovudstraumsfilmane frå samtida. Han verkar litt mindre som ein westernfilm for meg enn mykje anna, men er ein god film likevel. Det kan godt ha å gjere med at handlinga er sett til 1909. Og at det er vesentleg i filmen at dei i den tida var i eit skifte mellom det nye og gamle.

Filmen spelar ein del på at det ikkje berre er ein motstand mellom banden og dei som er på den kidnappa guten si side, men også mellom dei sistnemnte og Jacob McCandles. Og mystikken rundt historia til Jacob gjer han til ein interssant karakter å lære og kjenne undervegs.

Big Jake traff ikkje midt i blinken. Han er litt for lite gripande. Men han er tvers over ein god film, og har nokon scener som er skikkeleg gode og minneverdige.

Big Jake 1971 plakat - Filmdagbok