Big Little Lies

Serie · 2017–2019 · · 22. juli 2019
4/5

Big Little Lies var ein serie som leverte ein god første sesong. Det var vanskeleg å sjå korleis serien kunne halde fram. Så overraska han med ein andre sesong som eg likte endå betre.

Det har kanskje med måten eg såg dei to sesongane å gjere. Med den første sesongen venta eg til alle episodane var gått, og såg han fort. Men med andre sesong følgde eg serien etter kvart som episodane kom ut. Kanskje det å la episodane synke litt mellom kvar gong var ein fordel for serien.

Det handlar om ei gruppe kvinner og mødrer som bur på vestkysten av USA. Dei har sitt å styre med. Vald i heimen. Å vere åleinemor. Eit ekteskap med utruskap. Økonomisk trøbbel. Og eit drap.

Styrken til serien er at han er dryg i framstillinga av problema. Og at han har humor som både forsterkar og balanserer det dramatiske på ein god og nødvendig måte. Serien skor seg også med kjente og dyktige skodespelarar. Nicole Kidman. Meryl Streep. Reese Witherspoon.

Historiane og den raude tråden i serien er gripande og går framover, og eg er interessert i kva som skal skje. Sesongane er passe avsluttande. Begge to gir nok til at eg kan bli fornøgd når ein er ferdig.

IMDb-logo
TV Time-logo
Filmfront-logo
  • Big Little Lies 2017-2019 plakat - Filmdagbok
  • Big Little Lies 2017-2019 plakat - Filmdagbok

    Skodespel

    Reese WitherspoonNicole KidmanShailene WoodleyVis alle

    Sjangrar

    Land