Big Nothing

I havet av produserte filmar frå 2006 var Big Nothing ein av dei som blei oversett og forbigått utan kjennskap til filmen sin eksistens. Litt overraskande med tanke på at det er minst fire kjente namn her, tre som allereie for fleire år sidan er etablerte i filmbransjen. Skulle tru eg iallfall hadde sett traileren, men nei.

Med David Schwimmer, Simon Pegg og Alice Eve er namna på plass framfor kamera. Desse bestemmer seg for å drive litt pengeutpressing frå den lokale pastoren, men ting går verken som planlagt eller forventa. Big Nothing utviklar seg til å bli ei blanding mellom Wild Things og Very Bad Things, eller som ei blodig blanding av vendingar om eg skal unngå referansane.

Filmen er ikkje spesielt krevjande eller innvikla, men gir heile vegen tydelege teikn på kva som kjem til å skje. Kjensla av å bli undervurdert av regissøren gjer at eg aldri heilt klarer å nyte filmen på eit så høgt nivå som eg gjerne skulle.

Som rein og skjær underhaldning klar derimot Big Nothing å fullføre rolla. Mykje takka vera at forventningane mine til skodespelarane innfridde heilt greitt. David Schwimmer gjer si vante rolle godt, Simon Pegg er seriøst tøff, og Alice Eve er sjarmerande og skummel. Filmen serverer humoristiske slag på rekke og rad. Sjølv om det blir litt for mange daudpunkt i mellom desse halar Jean-Baptiste Andrea filmen sin i land til slutt.

Big Nothing 2006 plakat - Filmdagbok