Big Train

Serie
1998–2002
4/5

Big Train er eit ganske standard, britisk sketsjprogram. I det legg eg at kvaliteten på sketsjane varierer i veldig stor grad. Nokon er morosame, men for lange. Andre er uforståelege. Nokon er faktisk ganske bra. Det er desse siste som gjorde sitt til at eg enda opp med å pløye meg gjennom første sesong. For eg var litt i tvil helt i starten.

Dessutan er det artig å sjå Simon Pegg og Mark Heap samarbeide tidlegare i karrieren enn Spaced. Begge to er blant mine favorittbritar for tida.

Christopher Morris har hatt ein finger med i spelet under produksjonen av Big Train, men ikkje i så stor grad som han hadde med serien Nathan Barley som fall meir i smak. Eg kan spekulere om det er difor eg tvers over er litt skuffa over Big Train.

Big Train 1998-2002 plakat - Filmdagbok