Big Trouble in Little China

John Carpenter og Kurt Russell i kombinasjon har etter kvart blitt vanskeleg for meg å styre unna, The Thing og Escape from New York er begge flotte eksempel på kva samarbeidet dei to i mellom kan leie til. I Big Trouble in Little China har John Carpenter i tillegg fått med seg James Hong i rolla som som 2000 år gamle, skrekkelege Lo Pan, som herskar i ei magisk verd, eksisterande bak eit meir typisk Chinatown. Jack Burton (Kurt Russell) og følgjesvennen Wang Chi (Dennis Dun) forvillar seg inn livsfare når Wang Chi sin trulova i blir kidnappa av Lo Pan, for å bli brukt til å gi Lo Pan menneskeleg form.

Roger Ebert skreiv, for over 21 år sidan, at ufattelege spesialeffektar ikkje var nok for å gjere Big Trouble in Little China god. Per dags dato er ikkje effektane ufattelege lengre, dei er heller ikkje noko å gjere narr av. Big Trouble in Little China startar bra, introduserer eit spennande Chinatown-miljø med enormt potensiale og eit solid team beståande av Kurt Russell og Dennis Dun, og blir ein meir vellykka og tona ned variant av Chris Tucker og Jackie Chan. Spenninga bygg seg gradvis opp, før ho når punktet der ting startar å repetere seg og filmen endar opp med å bli ein kopi av sitt tidlegare seg. Dette er det største problemet til filmen.

Forutan repetisjonen var Big Trouble in Little China festleg, ei blanding av humor, action og mystikk, spesielt rik på mørke miljø. John Carpenter har eit breitt spekter av ulike filmar, Big Trouble in Little China er ein av som ligg nærast enkelt fortalt underhaldningsfilm. Han er bygd på noko som tilsynelatande skal gi meining, fortalt med bruk av eit veletablert univers av ulike kung fu-mytologiar. Om gangen i handlinga, Kurt Russell sin prestasjon eller karakterane generelt når han dessverre ikkje heilt opp.

Big Trouble in Little China 1986 plakat - Filmdagbok