Big

Film · 1988 · · 3. juni 2008
3/5

Big er verken min favorittfilm eller spesielt nemneverdig. Difor fekk eg lyst til å skrive om han. Det er greit å veksle av midt i eksamensperioden. Midt i ein heimeeksamen, og side på side, om 11. september, musikk og globaliseringsteori. Noko lett som å sjå Big, eller skrive om Big passa godt. Ettersom eg ikkje har lyst til å sjå filmen ein gong til blir det vel å skrive om han.

No har eg faktisk sett 13 Going on 30 med Jennifer Garner heile to gonger, og likt han passe mykje, så eg skulle tru at Big var grei skuring, og eg fekk rett.

Dette handlar altså om Josh som blir stor, derav tittelen, den store Josh blir spelt av Tom Hanks. Det spesielle her er at Josh blir stor over natta, etter å ha ønska seg dette frå ei gammal ønskemaskin på tivoliet. Han må rømme frå heimen og tilpasse seg storleiken og verda til dei vaksne.

Tom Hanks spelar rolla som barn i vaksen kropp bra og filmen byr på mange morosame episodar. Bortsett i frå dette synst eg ikkje Big bydde på det heilt store innan underhaldning. Han legg seg litt over middels og er såleis i kombinasjon med den flotte humoren Tom Hanks leverer i tolkinga si ein relativt kurant komedie. Oppbygginga og slikt er ganske rett fram. Føreseieleg, men ikkje spesielt utfordrande.

Greitt avbrekk.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Big 1988 plakat - Filmdagbok