Biggles (1986)

Film / 17. juni 2006
1/5

Lat meg få opne med den godt brukte formuleringa at eg ikkje veit om eg skal le eller grine. Å lage ein 1910-talsfilm på 1980-talet ser ikkje ut til å ha gått heilt bra her. Filmen har fått undertittelen Adventures in Time, og det heile startar på tjukkaste 1980-talet, med nokon av dei dårlegaste spesialeffektane og den mest harry musikken frå 1980-talet eg har høyrt.

Seint ein kveld blir Jim Ferguson sendt tilbake i tid av eit grufullt dårleg laga lyn, der han møter James «Biggles» Bigglesworth. Biggles minnar meg om David Hasselhoff, og han har vore med i ein tidlegare Baywatch-episode. Vel tilbake i tid må han hjelpe Biggles med eit oppdrag som involverer tamme flygescener og repeterande klipp av sekvensar. Så blir han sendt tilbake til notida, og så tilbake igjen til fortida. Sånn går no tida. For ikkje å nemne at Jim Ferguson er meir hovudperson i filmen enn Biggles, som er eit vonbrot.

Eg hadde voner til filmen, men fant fort ut at eg burde ha lest litt meir om filmen før eg såg den. Eg vart skuffa før det var gått eit minutt. Heldigvis er ikkje filmen lengre enn 90 minuttar. Men eg kan også sei at han er 90 minuttar for lang. Eg kjente ikkje igjen Biggles i filmen frå Biggles i Biggles-bøkene eg har lest. Eg kan trygt sei at dette ikkje er noko å bruke tida på, uansett kor mykje spenning og glede du har hatt av å lese bøkene.

Peter Cushing dukkar opp, men heller ikkje på grunn av han er filmen verdt å sjå. Det er få scener han dukkar opp i, og ikkje stort han gjer ut av seg i scenene.

Biggles 1986 plakat - Filmdagbok

Regi

John Hough

Manus

W.E. Johns, John Groves, Kent Walwin

Skodespelarar

Neil Dickson, Alex Hyde-White, Fiona Hutchison, Peter Cushing, Marcus Gilbert, William Hootkins, Alan Polonsky, Francesca Gonshaw, Michael Siberry, James Saxon

Sjangrar

Eventyr, Familie

Land

Storbritannia, USA

IMDb

IMDb-side om Biggles

Forfattar