Bill

Bill er en tapar. Han er småfeit, har ei kone som er utru og ein sjef som ser skikkeleg ned på han, dessutan er sjefen svigerfaren hans.

Aaron Eckhart spelar Bill som i tillegg til å vere ein tapar er ein kjedeleg person. Dette er ikkje handtert på aller beste måte gjennom manuset og filmen blir litt kjedeleg på grunn av dette. Då filmen startar blir det dårleg forklart kva han skal handle om det er diffust kva type film det er. Etter ti minuttar tok eg det innover meg at dette ikkje kom til å handle om noko spesielt anna enn Bill og hans seige situasjon, og prøvde heller å ta inn dei små komiske augneblinkane som i blant dukka opp.

Komedien reddar Bill frå å bli ein dårleg film, men det er ikkje nok til å trekke han over på godsida av skalaen. Her verkar det som alle går på automatgir. Kjente personar er det nok av, hadde dei berre bidratt med noko ekstra hadde det vore bra, men ingenting tilseier at dette skal bli betre enn middels.

Veldig lett underhaldning i form av litt komedie her og der og drama som ikkje fungerer så godt passar seg som oppsummering. Eg kan ikkje anbefale Bill på nokon måte, ikkje for dei som berre er ute etter enkel underhaldning for ein kveld heller. Men på ei anna side er det lite som er mykje dårlegare enn middels, så eg let vere å slakte filmen.

Bill 2007 plakat - Filmdagbok