Bin-jip

Ki-duk Kim, mannen som også laga Shi gan som eg så førre veke, er eit funn. I denne filmen som er eit par år eldre enn Shi gan blir me kjent med ein ung mann som bur ei natt her og ei natt der i tomme eller bortreiste hus. Bin-jip betyr direkte oversett tomme hus.

Bin-jip er oppbygd på ein så elegant måte at Ki-duk Kim har unngått å gi dei to hovudpersonane dialog. I nokon tilfelle kunne dette ført til ei langdryg og tam oppleving, men her kjem all kommunikasjon og kjensler fram i blikk og veremåte. Amerikanarar må alltid snakke om kjenslene sine. Det må iallfall ikkje den søte Sun-hwa og den stille, sterke John Wayne-aktige Tae-suk. Men du verda kor lett desse karakterane er å like. Ki-duk Kim er ein meister på å skape nydelege, litt problematisk, kjærleiksforhold. Iallfall i dei to filmane eg har sett hittil.

Bin-jip 2004 plakat - Filmdagbok