BioShock (2007)

Spel / 14. august 2008
4/5

BioShock byr på ei fascinerande og spennande spelverd under havoverflata. I ein forfallen undersjøisk by kor noko har gått galt, trakkar du rundt i ruinane og slåst mot uhyggelege skapningar.

Du spelar ein fyr som krasjar i havet, og ved slump oppdagar inngangen til ein hemmeleg stad. Ideen til staden Rapture og skaparen av staden, Andrew Ryan, minnar om kva Ayn Rand skildra som Atlantis i Atlas Shrugged. Men skaparane av dette spelet har nok ein annan ideologi, og har basert heile ideen med forfallet på at fridom ikkje har fungert. Dette tøvet til sides, så er opplevinga av spelet og miljøet i BioShock godt. Og det byr på mange timar med både skremmande og vanskeleg speling.

BioShock har ei svært trykkande og ubehageleg stemning, som gjer at eg sit på kanten av stolen i stor grad når det blir spelt. Nokon gonger skulle eg ønske spelet gjekk litt raskare framover, men elles har eg lite å utsette på det.

BioShock 2007 plakat - Filmdagbok

Regi

Ken Levine

Skodespelarar

John Ahlin, Greg Baldwin (I), Jane Beller, Susanne Blakeslee, Anne Bobby, Blesst Bowden, Tony Chiroldes, Shavonne Conroy, Ritchie Coster, Betsy Foldes

Sjangrar

Action, Grøssar, Mysterium, Science fiction, Thriller

Land

USA, Australia

IMDb

IMDb-side om BioShock

Forfattar