Bird Box

Bird Box har levert gode sjåartal på Netflix, med over 45 millionar visningar i løpet av dei første sju dagane, i følge Netflix sine eigne tal. Eg var ein av del av denne statistikken, og er godt nøgd med kva filmen leverte.

Sandra Bullock spelar hovudrolla i det som er både ein apokalyptisk og post-apokalyptisk film. Eg nemner det fordi filmen fortel både ei historie i notid, og tilbakeblikk. Mesteparten går føre seg nok under sjølve apokalypsen.

Eit eller anna skjer som gjer at folk ikkje lenger kan gå utandørs utan bind for auga. Gjer dei dette risikerer dei å sjå eit eller anna, som fører til at dei umiddelbart får ein trong til å ta sjølvmord. Eg held igjen detaljane, då det å oppdage og oppleve desse sjølv er ein vesentleg del av filmopplevinga. Men eg kan nemne at det Bird Box gjer som er veldig bra, er å ta oss med inn i situasjonen til dei uvitande.

I tillegg er dette ein sterk og gripande film om forhold mellom menneske. Det er ulike tilnærmingar frå dei ulike karakterane til handteringa av mange nye folk og situasjonar, og desse gir rom for både ettertanke og diskusjon. Karakteren til Sandra Bullock har sider ved seg som også gjer ho til ein interessant hovudrolle. Mentalt sterk og delvis lukka emosjonelt gjer ho ekstra interessant.

Har du Netflix er Bird Box ei trygg anbefaling frå meg.

Bird Box 2018 plakat - Filmdagbok