Birdman or (The Unexpected Virtue of Ignorance) (2014)

Film / 1. november 2015
5/5

Eg har hatt høge forventningar til Birdman or (The Unexpected Virtue of Ignorance), og har difor utsett å sjå filmen til eg var i rett stemning. Eg var ikkje helt innstilt frå starten av, men dette var ein god nok film til at merksemda auka jamnt utover.

Det er mykje bra å vise til her. Men som med verkeleg gode filmar er det totalen av gode deler som er avgjerande.

Filmen gir inntrykk av å vere filma som ein samanhengande sak. Dette kan vere slitsamt, men blir fort ei vanesak her. Og det fungerer så mykje meir enn å vere ein gimmick. For det første kan eg ikkje hugse sist ein film gav meg så god oversikt over miljøet filmen går føre seg i, spesielt med tanke på storleik og miljø. Eg vil nesten gå så langt som å sei at Birdman or (The Unexpected Virtue of Ignorance) er det beste eg har sett hittil i oversiktleg skildring av omgivnadane.

For det andre gir det ei nær 100 % oversikt over tidsramma til historia. Filmen tar seg nokon fridomar frå rammene han har sett seg, og dermed er me ikkje på minuttpresisering her.

Ettersom me hoppar rett inn i ei historie som er i gang, så tar det litt tid før karakterane har komme godt nok under huda. Når dette først har skjedd, så er det ei glede å sjå dyktige skodespelarar som Michael Keaton og Edward Norton leike seg og briljere i regi av Alejandro González Iñárritu. Eg er van med å forvente godt skodespel, men her er filmen sydd saman på ein måte som hever opplevinga til nye høgder.

Dette er berre eit par av delene ved filmen som eg ikkje likar. Resten sit godt. Alt er ikkje perfekt, men alt er så på sin plass at eg gradvis blir maks engasjert.

Birdman or (The Unexpected Virtue of Ignorance) 2014 plakat - Filmdagbok

Regi

Alejandro G. Iñárritu

Manus

Alejandro G. Iñárritu, Nicolás Giacobone, Alexander Dinelaris, Armando Bo, Raymond Carver

Skodespelarar

Michael Keaton, Emma Stone, Kenny Chin, Jamahl Garrison-Lowe, Zach Galifianakis, Naomi Watts, Jeremy Shamos, Andrea Riseborough, Katherine O'Sullivan, Damian Young

Sjangrar

Drama, Komedie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Birdman or (The Unexpected Virtue of Ignorance)

Forfattar