Birds of America

Birds of America er det andre forsøket til filmskapar Craig Lucas som regissør. I motsetning til The Dying Gaul frå 2005 har han her overlate manuset til ei relativt ukjent Elyse Friedman og konsentrert seg om regisseringa.

I hovudrolla som Morrie, den eldste i ein søskenflokk på tre, har me Matthew Perry. Under ein streit introduksjon med forteljarstemme av Matthew Perr får me fortalt historia som følger: Han, nyleg med skulediplomet i lomma blir overlate to yngre søsken når faren tar sjølvmord og mora forsvinn. Når me spolar fram i tid har det gått vel 20 år, Morrie er etablert, men søskena er prega av mangelen på gode foreldre og er til ei viss grad avhengig av Morrie som det stabile midtpunktet i livet når ting går skeis.

Fleire solide skodespelarar prega rollebesetninga i tillegg til Matthew Perry, som etter rolla som Chandler Bing i Friends i større grad har gått inn for å gjere seriøse roller i filmar nærare drama. Ved å sjå på dei mindre kjente filmrollene hans kan eg ane at Matthew Perry går for å spele på talentet i å holde ei seriøs maske. Denne gjentar han i Birds of America der han ofte har ein hårfin balanse på kanten til det komiske han gjer ved å spele på sin eigen komiske person.

Ved siden av Matthew Perry har me Ben Foster i ei strålande tolking av den forstyrra yngre broren. Ben Foster viser som han har vist så godt før i Six Feet Under at han verkeleg kan spele halvt gal med mørk personlegdom. Forutan desse har me Ginnifer Goodwin i ei av hennar mest seriøse roller hittil og Hilary Swank som ganske glatt nabo. Og Lauren Graham som den tilsynelatande tålmodige, men også litt kjedelege kona til Morrie.

Å samle handling og tema i ei enkel oppsummering let seg nok ikkje gjere, her sklir me over i så mange ulike problem knytt til både familie og individ at eg ikkje vågar kalle det verken familiedrama, sjølv om familien til Morrie er det sentrale, eller ein film utelukkande om depresjon, eller om økonomisk tryggleik.

Tittelen kan ha ei meining forutan boka Birds of America tileigna den avlidne faren i familien. Som resten av filmen gir han noko å gripe tak i og det skal ikkje overraske meg om nettopp omfanget av småting som er blitt samla på ein så god måte som her, i lag med kjente skodespelarnamn, vil gjere dette til ein film som nok kan bli høyrt meir om i tidene framover, på linje med kjente filmar som Junebug og The Squid and the Whale.

Til trass for mykje godsnakk frå denne kanten klarer eg ikkje å ta dette inn over meg som ei sterk filmoppleving, noko som gjer at han slepp unna dei høgste karakterane på min private skala. Eg synst derimot det var ein god film og kan gjerne anbefale han vidare på grunnlag av både gode prestasjonar frå Ben Foster og Matthew Perry, samt ei fin, dramatisk og litt morosam historie.

Birds of America 2008 plakat - Filmdagbok