Black Books

Serie
2000–2004
4/5

Bernard Ludwig Black (Dylan Moran) driv ein mindre bokhandel i London. Han er inkompetent når det gjeld bokhald og generell orden, har ingen glede av kundane sine og er sannsynlegvis på godt veg til å bli eit alkoholisert og samfunnssky vesen. Uforståeleg nok er han venn med dama som driv nabobutikken, og så dukkar eks-rekneskapsførar Manny opp og blir tilsett. Tre vidt ulike sjeler, alle godt eksentriske, er eit greit utgangspunkt for ein serie som ligg nær The IT Crowd i både stil og humor.

Bokhandelen som blir samlingspunktet for komedien er eit evig kaos med ein rik atmosfære. Miljøet fungerer såleis ikkje berre som bakgrunn for samtalar, det er ein viktig del av inntrykket. Vitsane er i enklaste laget, men det er nok av dei til at det kjem fram ein passe dose med spøkar som slår an. Dessutan blir ikkje halve serien brukt til å danne menneskelege relasjonar og bygge opp drama, noko som gjer Black Books til lett kost.

Første sesong var i og for seg god, men det var med andre sesong denne serien verkeleg blei bra. Historiene fekk meir kontakt med omverda utan at det går på rekning av tilværet i bokhandelen. Innimellom dreia tankane mine innom Spaced. Dette gjaldt spesielt bruken av referansar godt innblanda i samanheng med resten av historia, og delvis humoren bygd på forholdet mellom dei to mennene og dama som er hovudrollene her.

Tredje sesong gav meg ikkje all verda. Han var nok lik andre sesong, det skal ikkje stå på det, men eg hadde nokon forventningar til ein slags konklusjon. Alvoret låg litt tyngre over den siste episoden, kanskje det var det vesle ekstra? Innerst inne hadde eg kanskje eit håp om ei drastisk forandring av situasjonen og personane.

Frå avsluttinga av serien til tredje sesong som heilskap, episodane var morosame som før. Black Books er ein fin komedie, mykje på grunn av den korte lengda, og heldt seg godt frå start til slutt.

Black Books 2000-2004 plakat - Filmdagbok

Publisert

17. oktober 2007 av

Skapar

Dylan Moran (I)

Skodespelarar

Dylan Moran (I), Bill Bailey (I), Tamsin Greig, Paul Beech, Daisy Campbell, Ben Homewood, Nick Frost, Tony Way, Mark Aiken, John ArthurVis alle 114 skodespelarar

Sjanger

Komedie

Land

Storbritannia

IMDb

IMDb-side om Black Books