Black Friday

Indiske Black Friday var andre film ut under Katakombe-film i år, som gjekk av stabelen i Skien den 15. september. Filmen handlar om terroren som ramma Bombay i 1993, om det som skjedde etter og historia bak.

Black Friday er ein sterk film. Det er mange kjensler som får utspring, men oppi det heile står filmen på toppen som dømmande mot det meiningslause ved terror. Filmen er over to og ein halv time lang, og er mildt sagt omfattande og detaljrik. Så mykje at filmen blei stoppa av indiske styresmakter inntil rettssaka for terroren var ferdig. Rettssaka varte til forresten til 2007.

Om eg skal utsetje noko på filmen er det mi eiga evne til å henge med på alt som skjer. Men det gjer lite. Heilskapen er rå og rørande, og filmen har styrken i ei svært alvorleg hending som blir portrettert på ein god måte. Til ei viss grad skal me dømme sjølv, for filmen er ikkje overdøyvande i forteljarstilen.

Black Friday 2004 plakat - Filmdagbok