Black Mirror: Bandersnatch (2018)

Film / 30. desember 2018
3/5

Netflix prøver ut interaktiv funksjonalitet, og Black Mirror: Bandersnatch er ein film som tek i bruk valmoglegheiter for å fortelje ei historie med potensielt fleire utfall.

Du følger spelutviklaren Stefan Butler (Fionn Whitehead) tidleg på 1980-talet. Han er ikkje heilt stabil i toppen, og er heller ikkje i ein heilt stabil situasjon. Som sjåar kontrollerer du nemleg nokre av handlingane hans. Og dette er noko han merkar etter kvart.

Stefan utviklar eit spel som er ei historie med potensielt fleire utfall, så dette er ein film der verkemiddel og tema går hand i hand.

Mi oppleving av Black Mirror: Bandersnatch kan vere annleis enn di, så ha det i tankane. Eg tykte dette var eit interessant konsept, og ein film som byrja bra, men som tapte seg etter kvart. Etter å ha gjort ein del val på vegne av hovudrolla, merka eg at filmen hadde mista flyten. I tillegg hadde eg mista interessa for kva som kom til å skje med Stefan. I blant gjorde nokre val at eg møtte ein ende. Oppsummeringa som kom i samband med å få meg på rett spor igjen, gjorde meg utolmodig.

Når eg endeleg nådde slutten, fekk eg også moglegheita til å spele av andre potensielle sluttar. Noko som gjorde at eg sat med inntrykket av å ha blitt frårøva den defintive og beste slutten.

Eg trur at med rett handtering kan interaktive filmar blir gode, men Black Mirror: Bandersnatch nådde ikkje opp.

Black Mirror: Bandersnatch 2018 plakat - Filmdagbok

Merkelappar

Netflix, Black Mirror

Regi

David Slade

Manus

Charlie Brooker

Skodespelarar

Fionn Whitehead, Craig Parkinson, Alice Lowe (III), Asim Chaudhry, Will Poulter, Tallulah Haddon, Catriona Knox, Paul Bradley, Jonathan Aris, A.J. Houghton

Sjangrar

Drama, Mysterium, Science fiction, Thriller

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Black Mirror: Bandersnatch

Forfattar