Black Mirror

Serie · 2011–2019 · · 14. juni 2019
4/5

Black Mirror er som ein moderne The Twilight Zone. Med det meiner eg at det er ein serie med nye historier i kvar episode. Serien tek for seg scenario basert på ulik teknologi i ulike tidsperiodar og samfunn. Både i notid, framtid, med eksisterande teknologi og oppdikta.

Det er stor variasjon mellom episodane, der nokon er fantastisk flotte og er med å løfte serien til topps. Mens andre berre er greie nok eller kjedelege. Men felles er at alle episodane har noko dei vil seie. Stort sett negativt, og det er sjeldan eg kan sei meg einig i synet på menneske som Charlie Brooker har med i denne serien, men det er framleis interessante episodar.

Har du sansen for science fiction som held seg passe jordnær og legg like mykje vekt på det dramatiske som det teknologiske, så er Black Mirror anbefalt.

Black Mirror 2011-2019 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Daniel LapaineHannah John-KamenMichaela CoelVis alle