Black Sheep

Sauer vil aldri bli det same igjen. Med Black Sheep i kveld vart eg offisielt Kosmorama-publikum for festivalen dette året. Og for ein måte å bli det på.

Black Sheep er noko av det eklaste eg har sett på kino. Nokon vil kanskje sei seg litt skuffa, noko eg kjem tilbake til, for eg vil opne med det som gjorde at eg likte filmen.

Grøssaren er skrive og regissert av Jonathan King og føregår på New Zealand, rika til sauane. Siden Kosmorama sendte ein versjon utan tekst var det litt problematisk å få med seg all dialog. Trass i det blei nesten all humor fanga opp. Humoren er kanskje filmen si sterkaste side. Midt oppi blod, gørr og muterte sauer glimtar skodespelarane til med vitsane sine. Faren med å ha for mange vitsar på ei setning er at det kan dukke opp nokon som ikkje fell i smake. Her fall alt i smak.

Oliver Oldfield (Matthew Chamberlain) har saueskrekk. Turen tilbake til garden han vaks opp på er eit reint mareritt i utgangspunktet, men blir gjort på oppfordring av psykologen. Det viser seg at broren har forska på genmanipulerte sauer, og når den defekte varianten slepp laus bryt helvete ut.

Black Sheep er som ein zombiefilm, berre med sauer. Han har brukt minimalt med dataanimasjon, om i heile tatt noko, og heller spedd på med sminke og bøtter av teaterblod. Skal eg først sjå blodig film føretrekk eg dette for betre effekt. Her er det kjempebra tillaga og oppnår målet.

Historia som held det saman har eit godt nok grunnlag med tanke på handlinga. Men ho har visse dødpunkt midt inni, sidan angrepa frå sauefronten startar rimeleg tidleg. Det som trekk opp er brå overraskingar undervegs og karismatiske skodespelarar. Danielle Mason som naturaktivisten Experience gjorde at eg smelta: Dum, men ikkje for dum, litt smart kanskje, men likevel dum. Og sukkersøt.

Godt grafisk framstilt, intensiv og ikkje minst veldig ekkelt. Black Sheep har det som skal til for å bli ein god sjangerfilm. Sjå filmtraileren og du har danna deg et godt bilde av kva dette er.

Black Sheep 2006 plakat - Filmdagbok