Black Snake Moan

Den førre filmen til Craig Brewer, Hustle & Flow, var overraskande bra. Det var opplagt at eg måtte sjå Black Snake Moan.

Samuel L. Jackson lever seg fantastisk bra inn i rolla som Lazarus og gjer med eit nydeleg lydspor store delar av filmen. Ein dag dukkar den horete Rae (Christina Ricci) opp like ved huset hans, forslått og med trong for hjelp. Lazarus ser på det som si oppgåve, fått frå Gud, å hjelpe jenta på rett køyr igjen.

Filmtraileren gav uttrykk for å vere ein svart komedie med seksuelle undertonar, utan like. Filmen har desse ingrediensane, og Samuel L. Jackson hadde fleire vitsar som blei gullkorn frå hans munn, men det ligg meir til grunne for denne filmen. Forholdet som utviklar seg mellom Lazarus og Rae er nydeleg skildra, og framstillinga av småbyen me er i er med på å skape ein samansett atmosfære rundt filmen.

Det er ikkje til å komme utanom at filmen har eit par minus, heldigvis er dei relativt små. Lydsporet, som var ein av plussa ved filmen, er også ein av minusa. I blant tyr filmar til altfor utstrakt bruk av stemningssettande musikk, dette synst eg Black Snake Moan gjer òg. Men så må eg nemna at musikken som er del av handlinga, framført av Samuel L. Jackson, gjorde underverk. Det andre som eg tenkte å ta fram som minus er eg litt usikker på, men det skjer ikkje så mykje i filmen som eg hadde forventa. Men med vakker gjennomført stil og ei god stemning til er det kanskje ikkje nødvendig akkurat her. Det hadde nok heller ikkje skada å kutte filmen med nokon minuttar.

Black Snake Moan 2006 plakat - Filmdagbok