Blackadder Back & Forth

I Blackadder Back & Forth er handlinga lagt til 1999, men med ein vri.

Lord Blackadder, som vanleg spelt av Rowan Atkinson, arrangerer ein nyttårsfest og avdukar ei tidsmaskin under festen. Frå hans side er dette berre tull og eit forsøk på å lure nokon folk for pengar.

Men tidsmaskina verkar, og me hoppar litt fram og tilbake i tid i løpet av denne kortfilmen som er cirka ein halvtime lang. I alle periodane han er innom møter me nokon kjente historiske figurar, spelt av kjente britiske skodespelarar. Folk som Colin Firth og Rik Mayall dukkar blant anna opp.

Dei korte innslaga med Blackadder som Blackadder Back & Forth er blant, er ikkje blant dei beste innslaga med karakteren. Eg føretrekker å sjå han i serieformat. Dette er uansett ein artig sak på eigne bein, og den reint teknisk beste produksjonen. Noko som har med eit auka budsjett då denne vart laga ti år etter den siste serien, Blackadder Goes Forth,

Blackadder Back & Forth 1999 plakat - Filmdagbok