Blackpool

Serie
2004–2004
3/5

Seriemusikalar er eg sjeldan bortom. Mest når seriar har fått nokon år på nakken, og føler seg sikre på seg sjølv til å gjere noko ulikt, er dette tilfelle. Eg er ikkje spesielt glad i at seriar gjer slikt, eller set ein heil episode tilbake til 1950-talsstil heller, men det finst unntak, som i Scrubs. Buffy the Vampire Slayer blir nok ein annan når eg kjem så langt. For nokon vil The Singing Detective vere det mest sjølvsagte eksempelet, eg likte han aldri godt nok til å bli ferdig, men skal prøve meg igjen om eit par år. Du veit aldri. Blackpool er ein musikal tvers igjennom alle episodane, sett til kasinomiljøet i byen som ligg på vestkysten av England.

Lenge likte eg ikkje musikalar. Dei få eg såg hadde songnummer eg aldri fann passande inn i resten av historia, utan å påstå at dette er tilfelle i alle musikalar. Men det verka stort sett som om songane var for å trekke merksemda vekk frå historia. Her er det eg skal komme og fortelja at Blackpool er unntaket, for Blackpool bruker songnummera, som er genialt gode, til å bygge på historia enten det er i normalt tempo eller for fortelja noko som lett kunne ha blitt klisje i dialogform på ein kort og effektiv måte.

Musikken er ei blanding mellom amerikansk og britisk populærmusikk: Frå Elvis Presley (Viva Las Vegas) og Kenny Rogers (The Gambler) til The Smiths (The Boy With The Thorn In His Side) og The Clash (Should I Stay Or Should I Go). Originalane er spelt av og figurane i serien syng med på toppen, noko som fungerer ganske godt. Miming kunne lett blitt for glatt, det motsette kunne lett blitt kattejammer.

Blackpool handlar om Ripley Holden (David Morrissey), familiemann og entreprenør for eit lite kasino. Når eit lik blir funne i kasinoet hans dukkar etterforskar Carlisle (David Tennant) opp og skapar ein del bry for Holden. Men Holden er ei stor glede for meg som publikum, David Tennant er jo ein genial skodespelar. Dei fleste i serien held faktisk eit høgt nivå.

Alt i det amerikanske forsøket på nyinnspeling av Blackpool, som heitte Viva Laughlin og blei avlyst etter to episodar, blir patetisk i samanlikning. Ta personen Holden, i den britiske versjonen ser han stort sett ut som ein normal mann, med eit mørkt ansikt som er vanskeleg å lese. I den amerikanske versjonen er han nok ein kjekkas utan karisma.

Gjennom seks episodar følger me etterforsking, familiedrama, mørke løyndommar og gode songnummer som om det var ein lang film. Difor har søndagen gått med til lite anna når eg såg meg gjennom serien. Ikkje alt er like ferskt, serien har sin del av velkjent drama og forviklingar, men det fungerer godt. Eg blei fengsla ganske tidleg og sat med ei god kjensle gjennom heile serien, som er akkurat passe lang. Til slutt sit eg igjen med ein einaste tanke, å anbefale dette vidare. Søk på Blackpool og du vil definitivt finne nokon kjekke songnummer, men som med mykje anna er det best i kontekst.

Blackpool 2004-2004 plakat - Filmdagbok