Blade Runner 2049

Blade Runner 2049 er ein vanskeleg film å skrive om. Det har teke meg over to veker å bli klar til å skrive nokre ord om det som er ein fjern oppfølgjar til Blade Runner frå 1982. Mest fjern i tid. Men det er også ein avstand mellom historiane, som gjer at det ikkje er nødvendig å ha sett 1982-filmen først.

Det er mykje å like i Blade Runner 2049. Han leverer nydelege bilder og god musikk. Det er ei historie som er passe djup og opnar for spørsmål, men som ikkje er for djup til å kunne fattast. Koplingane til Blade Runner er få, men gir meining. Karakteren til Harrison Ford blir oppsøkt for ein grunn. Og på papiret er han sentral i framdrifta som Ryan Gosling er del av.

Filmen har evna å kutte vekk overflødig innhald. Sjølv om det visuelle leverer stort, så verkar filmen tona ned. Tempoet er behageleg. Og alt dette er sånt eg vanlegvis set pris på. Men i Blade Runner 2049 saknar eg meir. Når filmen er over stiller eg meg sjølv spørsmålet om dette var alt.

Det tok lang tid før eg såg filmen, så eg hadde høge forventingar. Dei blei dessverre ikkje innfridd. Men det blei aldri dei til Blade Runner heller, dei gongene eg såg han. Så det er vel noko med forteljinga og dette oppdikta universet som ikkje treff meg.

Blade Runner 2049 2017 plakat - Filmdagbok