Blade Runner

I mitt gjensyn med Blade Runner hadde eg håpa at eg skulle like filmen betre enn første gong eg såg han. Men dette var ikkje tilfelle. Eg har sansen for miljøet, karakterane og stemninga. Ja, omtrent alt det filmatiske er i toppklasse her. Modellane og effektane er av typen eg har sansen for.

Men eg klarar ikkje å late meg gripe av historie og handling. Det er ikkje komplisert, dårleg eller noko, men det treff ikkje midt i blinken for meg.

Det handlar om ein fyr som jaktar på ei form for klonar eller attskapingar av menneske. Desse er laga for bestemte formål til bruk på andre planetar. I filmen har fire stykk klart å rømme til jorda. Det blir ei intens jakt. Klonane ser ut som vanlege menneske, men eigentleg er dei ulike på innsida. Så blir det ei litt spesiell form for jakt.

Sjølv om eg ikkje blei altfor begeistra for Blade Runner denne gongen heller, så er det eit eller anna ved filmen som gjer at eg moglegvis vil prøve igjen om nokre år, og sjå kva eg tykkjer då.

Blade Runner 1982 plakat - Filmdagbok