Blank

Serie / 2018–2019
3/5

Blank er ein serie frå NRK som foreløpig har gått i tre sesongar. Det handlar om ungdommar etter vidaregåande. Kvar sesong har ei ny hovudrolle og ein ny situasjon.

Første sesong handlar om Ella. Ho har ikkje komme i gong med studier etter vidaregåande, og jobbar på Plantasjen. Ho veit ikke kva ho skal gjere ut av livet. Sesongen handlar om livet hennar. Om jobb, framtid og typar.

Andre sesong handlar om Zehra som har byrja på OsloMet på farmasistudiet. Men det er musikken ho eigentleg vil jobbe med. Sesongen handlar om Zehra sine studier, familien hennar, musikken og ein kjæraste.

Tredje sesong er den første sesongen med ei handling utanfor Oslo. Markus var russepresident og den mest populære. Han flytta til Oslo etter vidaregåande, men har no komme tilbake til Hadeland kort tid etter. Livet var ikkje det same i Oslo. Men det vil ikkje livet som tilbakevendande heller bli.

Sesongane til Blank er korte greier. Det er ein serie som er fin å skumme gjennom på kort tid. Det er korte episodar på under ein halvtime, og det er historier som er nære både i dei norske liva som er formidla, og at det er ein norsk serie med unge folk. Blank har blitt ein serie eg ser fram til å sjå når nye sesongar kjem.

  • Blank 2018-2019 plakat - Filmdagbok
  • Blank 2018-2019 plakat - Filmdagbok