Blast from the Past

Brendan Fraser og Alicia Silverstone spelar mot og med kvarandre i 1999-komedien Blast from the Past. Ein film om ein fyr som blei fødd og har budd dei 35 første åra av sitt liv i eit underjordisk ly frå radioaktivt nedfall.

Når tidslåsen i lyet går opp blir det Adam (Brendan Fraser) som går opp av bakken, og foreldra blir igjen. Beskytta frå alt og levd i trua på at ein atomkrig starta i 1962, har Adam eit spesielt syn på verkelegheita. Og han er ein høfleg og snill fyr, først og fremst.

Det flotte med Blast from the Past er at han kombinerer så mange gode idear, og gjennomfører dei på godt vis. Eg likar at god tid er via til å fortelja om tida før familien på tre gjekk under jorda, og mens dei var under jorda. Dette legg eit godt grunnlag vidare.

Så er det samspelet mellom Brendan Fraser og Alicia Silverstone, og alt som handlar om dette som ein romantisk komedie, det fungerer. Viktig her og for resten av filmen er at karakteren Adam er eit glimrande forbilde, høfleg, flink og smart. Rar på grunn av oppveksten sin, men ingen negative utslag i personlegdommen. Rett og slett ein god helt.

Sett alt dette i lag og meir til, så blir det ei perle av ein film eg strengt tatt aldri har høyrt om før, og ikkje visste kva eg skulle forvente av.

Blast from the Past 1999 plakat - Filmdagbok