Blindpassasjer

Serie · 1978 · · 18. mai 2008
3/5

Norsk miniserie frå 1978, science fiction, NRK-produsert, av Jon Bing og Tor Åge Bringsværd, med Bjørn Floberg og Henny Moan, blant anna.

Dette er ein både og-serie. Han er både god og dårleg. God fordi det er eit potensiale i det meste, dårleg fordi det er halvt utført. Skodespelet er stivt som i norsk fjernsynsteater, dialogen er i overkant enkel og speglar tydeleg eit syn Jon Bing og Tor Åge Bringsværd må ha hatt på publikum som dumme. Skodespelarane er lite overbevisande og at det minnar om høyrespel fra Radioteateret. Dumme utan moglegheiter til å sjølv trekke parallellar og sjå løysingar.

Men eg kjem ikkje frå at dette er ein ørliten bit spennande i blant, morosamt, har mange gode idear og like gjerne kunne ha vore ein film som ein miniserie. Blant tettsittande romtrikot og bonderobotar er det ein snev av god historie.

Serien er ein kultklassikar med ei enkel og genial historie. Utsjånade til kulissene er overraskande stilreine og futuristiske. Fargane har naturlegvis eit 1970-talspreg over seg. Dørene opnar seg sjølv med eit svisj. Datamaskinene derimot, ser ikkje ut som noko frå framtida.

Blindpassasjer har nok tapt seg med åra, men der det ein gong var spenning er det no sjarm. Serien scorar høgt på nostalgi, men det er tydeleg at det har skjedd ein del på tv-fronten sidan han komut. Norsk film og TV fløymer ikkje akkurat over med science fiction, så i den sjangeren tronar nok framleis Blindpassasjer

IMDb-logo
TV Time-logo
Filmfront-logo
Blindpassasjer 1978 plakat - Filmdagbok