Blood Simple

Første filmen til Joel Coen og Ethan Coen er ein blodig affære frå tidleg 1980-tal. Blood Simple markerte også debuten til Frances McDormand, ein av skodespelarane som har det med å dukke opp i Coen-filmar. Blant anna Fargo og Raising Arizona.

Eit budsjett på 1,5 millionar amerikanske dollar er lite, men mykje for ein debutfilm. Om dette sette avgrensingar for den tekniske delen og er årsaka til at bilde er letterboxed og ikkje widescreen er eg usikkert på. Utover dette er det ingenting som er verdt å nemna med tanke på budsjettet.

Utløysande årsak til den tøffe krimthrilleren som følger er eit typiske utruskap, med ein sjalu ektemann på andre sida som har fått greie på det som utviklar seg bak ryggen hans. Han hentar inn hjelp frå ein privat etterforskar og heretter kompliserer alt seg.

Det er ikkje så mykje blodet som gjer dette effektivt, sjølv om det går med ganske mange liter teaterblod, som det er bruken av low key og oppfinnsame kameravinklar, nervepirrande stille og venting. Action er det nok av, men det er ventinga som er spennande og måten den knappe dialogen fører til at berre me som publikum har oversyn over alt som skjer, utan at det blir verken irriterande eller dumt å sjå karakterane styre med sitt.

Blood Simple blir i filmen skildra som ein tenkemåte som følger av lengre involvering i valdeleg prosedyre, men kan like gjerne skildre framgangsmåten. Mykje av spenningen låg for min del i dei enkle framgangsmåtane som sjeldan tar omsyn til framtida. Enkelt er nok meir negativt enn rettferdig er, her bruker eg det altså til fordel for filmen.

Likar du kombinasjonen Coen med krim og thriller, då vil du like Blood Simple.

Blood Simple 1984 plakat - Filmdagbok