Bloodline (2015–2017)

Serie / 12. juni 2017
4/5

Ein serie eg visste lite om på førehand, og dermed hadde null forventningar til, var Netflix Bloodline. Dette er serien om ein familie med fire vaksne barn et stad i Florida.

I det familiens sorte får ventar tilbake, den eine av dei fire søskena, kjem en ikkje så altfor lys fortid opp igjen til dagen. Suspekte karakterar, løyndommar og et fuktig, pressande klima går som fot i hose, og gjer Bloodline til en av 2015s betre nye seriar.

Eg gler meg altså godt over dette, som etter ein sesong er det beste eg har sett frå Netflix hittil. Ei anbefaling er lett å gi.

Etter kva denne serien leverte av en godt samansett første sesong, som gradvis skraper vekk lag på lag av fortidas dystre, var det også med ekstra spenning eg så fram til andre sesong.

Andre sesong er ei forlenging av dette og held trykket nokolunde oppe. Det er ikkje en gjentaking i verken oppbygging eller struktur, men kjerneelementa er nokon av dei same. Nye personar blir introdusert, så serien framleis kan trekke trådane tilbake til den dystre fortida. Samtidig står problema i kø for familien, som er på randen av stupet heile sesongen.

Eg får ikkje den helt same gode seriekjensla av andre sesong, noko som både har med forventningar og det faktum at serien ikkje lenger er ny. Elles må eg vel si den leverer variene godt nok til å framleis rangere Bloodline høgt.

Bloodline 2015-2017 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

Netflix

Skaparar

Glenn Kessler, Todd A. Kessler, Daniel Zelman

Skodespelarar

Kyle Chandler (I), Linda Cardellini, Norbert Leo Butz, Jacinda Barrett, Jamie McShane, Sissy Spacek, Katie Finneran, Enrique Murciano, Taylor Rouviere, Chloë Sevigny

Sjangrar

Drama, Thriller

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Bloodline

Forfattar