Blow Dry

iBlow Dry er en enkel film om eit frisørmeisterskap i ein engelsk landsby. Det er først og fremst namna på rollelista som gjer filmen verdt å sjå, så eg nemner fortløpande: Alan Rickman, Bill Nighy, Rachel Griffiths, Rachael Leigh Cook, Josh Hartnett og Natasha Richardson. Meisterskap og konkurranse på film er det unødvendig å gå meir inn på. Gangen til filmen er som det er.

Det flotte med Blow Dry er Bill Nighy som frisør og dritsekk, og Alan Rickman si forvandling i løpet av filmen. Forholda mellom karakterane som er passe komplekst og med opphav i ei passe truverdig bakhistorie, samtidig som det er tåpeleg nok til å bli humor ut av. Stemninga i filmen går mest mot engelsk landsby, litt kaldt, litt aude og difor meir merksemd retta mot karakterane.

Om enn ingen klassikar, så tenker eg likevel å anbefale Blow Dry, dersom du har sett alle dei lette og uhøgtidelege komediane du veit om, og berre vil ha ein og ein halv time med lett engelsk og amerikansk humor.

Blow Dry 2001 plakat - Filmdagbok