Blue State

Ein amerikansk demokrat portrettert av Breckin Meyer flyktar til Canada etter presidentvalet i 2004. I selskap med vakre Anna Paquin.

Eg likar ikkje Breckin Meyer i denne filmen. Som ofte i tidlegare filmar så er rolla hans ei blanding av tilbakelent og uengasjerande, når han verkar å gå for stressa og engasjert. Det er vrient å forklare, men eg kjøpte ikkje han i Blue State.

Historia er heilt grei, sjølv om ho manglar ei tydeleg stemme. Kva er poenget? Sjølvrealiseringa er det forsøk på, men det blir ikkje ei stor greie. Kjærleikshistoria verkar berre å vere obligatorisk, framfor viktig.

Men eg likte Anna Paquin.

Blue State 2007 plakat - Filmdagbok