Blue Steel

Film · 1934 · · 24. september 2020
3/5

John Wayne-filmar frå 1930-talet er ein kuriositet for spesielt interesserte framfor obligatorisk filmkanon. Dette var tiåret då han spelte i mange korte B-filmar i westernsjangeren. Karriera til John Wayne er interessant nok i seg sjølv, men her skal det handle om kva den 54 minuttar korte filmen Blue Steel er.

Me byrjar i ein saloon ei regnfull natt. John Carruthers spelt av John Wayne snik seg umerka inn og legg seg til å sove. Etter ei stund kjem ein mann med ein leveranse på ein stor pengesum, og ein sheriff kjem også for å overnatte der.

Gjennom eit hol i golvet frå toppetasjen ser sheriffen at John snusar rundt i ein open safe. Me veit betre, men John blir mistenkt.

Det er byrjinga til denne korte filmen. Ein film som frå første minutt smakar av lågbudsjett, men som etter kvart tek seg opp. Det heile er uansett alltid enkelt frå start til slutt. Ei slik enkel historie som nokre tiår seinare heller blei å finne i serieformatet.

Etter å ha sett eit par tidlege John Wayne-filmar før så var ikkje forventingane dei største. Sånn sett blei eg positivt overraska over dette. I tillegg var det ein fargelagt versjon av filmen eg såg, og det såg rett bra ut. Karakteren er uansett gitt med tanke på forventingane til dette, og vil nok ikkje stå seg til samanlikning med liknande karaktergiving til dei beste filmane med John Wayne.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Blue Steel 1934 plakat - Filmdagbok