Blue Velvet

Eg saknar Twin Peaks, den gode stemninga de første sesongen sette meg i, som første halvdel av andre sesong klarte å halde gåande, men som eg etter kvart mista. Ikkje alle vil følge meg i den retninga, men eg gjekk trøytt når David Lynch blei for pågåande med mystikken sin.

Blue Velvet er ganske fin. Han har ein del av sjarmen som eg fann i Twin Peaks, kanskje ikkje så prega, men passeleg for denne filmen å vere. Mystisk og litt rar er han og, utan at eg synst dette legg noko slør på å kunne følge og ikkje minst forstå gangen i handlinga.

Han er ekkel, rar, spennande og nervepirrande. Same stemning som i Mulholland Dr.

Den fine balansen David Lynch har funnet her, som eg tykte han hadde i Twin Peaks, gjer at eg nå blei ganske så forelska i Blue Velvet.

Blue Velvet 1986 plakat - Filmdagbok